Tjenester

Tømrar i Jondal- Brødrene Handegard Byggjefirma AS

Har du behov for tømrar i Jondal eller nærliggjande kommunar? Brødrene Handegard Byggjefirma AS utfører ei rekkje ulike tenester i byggjebransjen, og kan tilby å vera totalleverandør til enkelte oppdrag.

Terrasse og balkongar

Me oppfører terrassar, balkongar, verandaer og altanar, samt fjernar gamle eller byggjer på eksisterande.

Når sommaren kjem er det fint å ha ein plass å grilla, samla vener eller halda middagsbesøk for familien. Me tilbyr eit komplett tilbod på ein altan, balkong, terrasse eller veranda- skreddarsydd for deg som kunde.

Gravearbeid

Vi utfører også en del entreprenørarbeid, slik som diverse gravearbeid, tomteplanering osv.

Kontakt oss for en gratis befaring enten du trenger ein entreprenør eller tømrar i Jondal og omegn.

Rehabilitering

Me utfører rehabilitering/oppussing. Rehabilitering inneberer ofte utskifting av gamle vindauge, dører, golv og kledning. Ved ei enkel befaring kan me hjelpa deg å fastslå kva som eventuelt må skiftast ut.

Golvleggjing

Me utfører leggjing av golv, og har lang erfaring med dette.

Utskifting av vindauge

Har du ei ruta som duggar/er punktert? Me skiftar punkterte og knuste ruter, rimeleg og effektivt.

Utskifting av dører

Ved å skifta ut gamle dører med nye, vil ein få ei verdiauking på boligen. Me monterer alle typar dører, blant anna ytterdører, terrassedører, branndører og lyddører.

Utskifting av kledning

Me skiftar utvendig kledning for deg, og er opptekne av god utføring slik at resultatet vert optimalt. Dersom ein skal skifta kledning vinterstid, bør ein kjøpa ferdig malt eller impregnert kledning. Monterer ein ubehandla kledning og ikkje har høve til å mala kledningen med ein gong, kan den verta skada når vatn trekkjer inn i treverket. Me monterer kledning til avtalt tid og pris, raskt og effektivt.

Etterisolering

Har du kalde golv og vindauge som lèk? Er det vanskeleg å halda på varmen i huset? Dette kan skuldast dårleg isolasjon. Eldre boligar har ofte dårleg isolasjon. Dette kan enkelt utbedrast ved å etterisolera. Ved etterisolering vil du få lavare energibruk og dermed lavare straumutgifter, samt at du får eit betre inneklima og komfort. Spør oss om etterisolering.

Utskifting av tak

Utan eit tett tak vil huset verta øydelagd relativt fort. Det vil oppstå lekkasjar som fører til råteskadar, og alt skada materiell må skiftast ut. Dette er dyrt, og vert ikkje dekka av vanleg innboforsikring. Kontakt oss og me kan leggja nytt tak før dette problemet oppstår. Dersom du veit at taket på ditt hus er svært gammalt og er klart for utskifting, bør du skifta det før det oppstår lekkasje.

Me kan montera alle typar tak, og har lang erfaring med ulike typar helletak.

Restaurering/bygningsvern

Har du eit gammalt hus du ynskjer å bevara i original stil? Har huset fått manglande vedlikehald dei siste åra? Restaurering inneberer vedlikehald og konservering av hus og bygningsmasse som skal behaldast i original stil. Ved restaurering skiftar me ut øydelagde delar med nye kopiar i frisk materiale.

At restaurering føregår på rett måte er svært viktig. Uerstattelege verdiar går ofte tapt dersom ein ikkje veit kva ein har med å gjera, eller korleis ein skal behandla bygningen.

Brødrene Handegard Byggjefirma AS utfører restaurering av eldre bygningar. Restaurering inneber utskifting av øydelagde og skadde bygningsdelar. Ved arbeid på verneverdige hus, er det spesielt viktig at restaurering føregår på rett måte.

Alle kulturminner bygde før år 1536 og år 1650 er automatisk freda etter kulturminnelova. Kulturminner yngre enn 1650 kan fredast etter kulturminnelova dersom dei vert ansett som kulturhistorisk eller har «nasjonal verdi».

Enkelte kan få tilskudd til restaurering dersom dei søkjer om dette.

Tilbygg og påbygg

Dersom du eig eit hus som er for lite, og du har dårleg plass, kontakt oss! Me kan hjelpa deg med oppføring av tilbygg som gjer deg betre plass.

Ombyggjing

Er du ikkje nøgd med romfordelinga eller planløysinga i ditt hus? Dersom du eksempelvis eig ein tomannsbolig og ynskje å byggja den om til einebolig, så tek me på oss dette arbeidet med glede. Me tilbyr deg ombyggjing til avtalt tid, og kan garantera for god kvalitet. Spør oss endeleg dersom du ynskjer forslag til ombyggjing.

Garasje og carport

Me utfører oppføring av garasje og carport, størrelse etter ditt ynskje.

Det finst mange mogelegheiter innan garasjar. Du kan få enkel, dobbel, med og utan boder, med loft/hems, garasje med carport eller kundetilpassa etter ditt ynskje.

Nybygg

Me fører opp nybygg, frå tomt til nøkkelferdig hus. Du får draumehuset ditt til avtalt pris. Ved oppføring slepp du å tenkja på noko som helst, me tek på oss jobben frå A-Å.

Du vel korleis du vil at ditt draumehus skal sjå ut- du vel design, arkitektur og funksjonalitet. Tenk på at ditt hus skal vera heimen din i mange år framover.

Hytter

Me fører opp hytter i ulike stilar, etter ditt ynskje. Me hjelper deg med å realisera din hyttedraum- det treng ikkje kosta all verden. Me byggjer hytta di i den storleiken som passar deg, anten det er ei lita hytte på fjellet med enkel standard for deg og dine jaktkameratar, eller ei stor familiehytte ved sjøen.

Uthus, boder, naust og lysthus

Me fører opp mindre nybygg som boder, uthus, låvar og lysthus.

 

Spesialoppdrag

Me har bygd fleire bruer opp igjennom åra, og bygd demning. Arbeid i fjellet utan tilkomst med veg har også vore noko me har utført. Brødrene Handegard er glad i utfordringar og ser gjerne nærmare på ditt oppdrag.